Lokalnytt

Gamleskulen på Hellesylt rotnar

Gamleskulen på Hellesylt treng utbetring om den skal bevarast. Spesielt er taket i dårleg stand.
Gamleskulen på Hellesylt treng utbetring om den skal bevarast. Spesielt er taket i dårleg stand.

Gamleskulen på Hellesylt vart bygd i 1898. Fram til 1955 var den nytta som skulebygg, men etter då har vedlikehald blitt forsømt og bygget har mott og råteskader. Kva no-, spør leiinga ved Sunnylven skule.


Til 100 års-jubileet for skulen i 1998 vart det skipa ei støtteforeining som gjorde mykje for bevaring og klasseromet vart rigga til som skulemuseum. Dette for å kunne vise ”ein skuledag i gamle dagar”. Der var skulepultar, kateter, kulerammer, sveiveorgel, plansjer og mykje anna skulemateriell.

No har vedlikehald av gamleskulen på Hellesylt blitt forsømt, noko som viser på bygninga både inne og ute. Onsdag kallar leiinga ved Sunnylven skule inn til ope møte for å diskutere om det skal gjerast noko, og kva ein kan gjere for å bevare den gamle skulestova. I innkallinga blir det peika på at det er behov for å gjere noko med taket, men kven skal gjere det?

Møtet blir halde onsdag 9. november på Sunnylven samfunnshus kl. 20.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380