LokalnyttLokalsport

Trimtreff til Kjellstaddalen

Onsdag 16. november inviterer trimgruppa i Sunnylven IL til kveldstrim til posten i Kjellstaddalen. Start er kl. 18.00 frå Tronstad grendahus.


Trimgruppa i Sunnylven IL har nyleg halde premiefest for poengsankarar siste sesong. No er ein ny trimsesong i gong og første felles tur går på kveldstid til Kjellstaddalen.
Sist det var ”måneskinstur” til denne sætredalen var i november 2009 og deltakinga var god.

Trimgruppa oppmodar deltakarar om å ta med haudelykt eller lommelykt, for sjølv om veret har berika landsdelen med klårver og måneskin på kveldtid den siste tida, kan det verte behov for ekstra lys trimkvelden.

Det blir trekt ut premievinnarar mellom deltakarane, skriv trimgruppa.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380