HUL, ein sprek hundreåring
Hellesylt Ungdomslag feira 100 år i 2011 med stor fest på Sunnylven samfunnshus. Dette var eitt av fleire store arrangement til jubilanten i året som gjekk.
Foto: Arne Inge Tryggestad
Grendakveldane i Sunnylven med Hellesylt Ungdomslag som tilskipar, samlar alltid mykje folk på Sunnylven samfunnshus. Slik også i fjor då ”Dalarane” serverte programmet frå scena til 240 betalande. Ja så mange kom at det knaka på med mat til alle, kan ein lese i årsmeldinga til Ungdomslaget.
Og meir moro vart det utover våren. I mai kom komikarar frå nabofylket, Roy Aron Myklebust og Birger Meland med ”Har du haurt på makjen”, villstryningar i fri dressur.
Sunnmørsstemne
Ut over sommaren vart det jonsokfeiring på badestranda, det vart jobba med opprydding på gamle kontor- og kostymelager til laget, og trøbåtane kom i bruk og gav litt inntekter.
Første helga i september var Hellesylt Ungdomslag arrangør av Sunnmørsstemne for born. Det vart ei storhelg på Hellesylt med deltaking også frå Nordfjord der deltakarane fekk vere med på ulike aktivitetar i og kring sentrum, i tillegg til mykje dans. ”Dette var kjekt”, skriv HUL i årsmeldinga.
Jubileum
19. november skipa laget til jubileumsfest på Sunnylven samfunnshus. Mange var invitert, frå Sunnmøre frilynde ungdomslag, nabolag, og lag og organisasjonar i Sunnylven. Tidlegare leiarar for laget var spesielt invitert.
Under festen var det både servering, underhaldning der John Langeland hadde tilbakeblikk på åra frå skipinga i 1911, og det var overrekking av gåver og helsingstaler til 100-årsjubilanten.
Heidersmedlem
Ole Aasen har vore ein god støttespelar for laget i meir enn 30 år. Under jubileumsfesten vart han gjort litt ekstra stas på med å verte tildelt heidersmedlemskap i Hellesylt Ungdomslag. Dette er ei utmerking han deler med få, Kristine Ringdal, Oddvin Parr, John Langeland og Astrid Ringdal.
Teaterframsyning 31. mars
Eit aktivt år i Ungdomslaget skulle avsluttast med teaterframsyning fjerde juledag. Ni aktørar hadde øvd lenge på komedia ”Lyst på livet”, men ekstremveret Dagmar raserte både straumnett og anna kommunikasjon og sette ein stoppar for arrangementet.
No øver HUL-teatret fram mot premiere som blir laurdag 31. mars.