Lokalnytt

Søkjer etter sokneprest i februar

Vi håper å få tilsett ny prest med fast bustad på prestegarden i Sunnylven, seier prost Svein Runde.
Vi håper å få tilsett ny prest med fast bustad på prestegarden i Sunnylven, seier prost Svein Runde.

Stillinga som sokneprest i Sunnylven og Geiranger har vore ledig etter at Svein Runde slutta i stillinga i fjor etter 26 år. Han er no prost i Austre Sunnmøre prosti.

Etter at Svein Runde slutta har vikarprestar gjort teneste i Sunnylven og Geiranger.

I februar blir stillinga som sokneprest i Sunnylven og Geiranger lyst ut, opplyser Runde.

Stillinga blir lyst ut i februar. Då får alle som kan tenkje seg å bli sokneprest i Sunnylven og Geiranger søkje, også prestestudentar i Stavanger og Oslo som har fire månader igjen av studiane.
Runde kjenner ikkje til kor mange nyutdanna som går ut til våren, men skal om litt ha eit møte med rektor på Menighetsfakultetet for å skaffe seg meir oversikt.

Når ein får inn søkjarar skal fyrst sokneråd og prost uttale seg om søkjarane før bispedømmerådet tilset. Deretter er det biskopen i Møre som ordinerer vedkomande til prest.

-Målet er at det skal kome ein ny, fast tilsett sokneprest i soknet med bustad på prestegarden i Sunnylven så snart som råd. Det jobbar vi for og håper at vi lukkast.
Primært blir vedkomande sokneprest i Sunnylven og Geiranger, men skal også ha eit tett samarbeid med dei andre sokna og prestane i nærleiken-, seier prost Svein Runde.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380