Sunnylving i Norgestoppen
17 år gamle Trygve Aaland Tryggestad frå Sunnylven gjekk inn til topplassering under Norgescuprennet i skiskyting på Simostranda sist helg. Berre 0.5 sek. mangla på fyrste pallplassering mellom Norges beste juniorar.
Det var i finalen på supersprint med fire skytingar at Trygve Aaland Tryggestad viste ”musklar” mot dei beste i 17-årsklassa.
Her kom han på 5. plass, berre 0,5 sek bak 3. plassen etter å ha tapt spurten. Dei 30 beste etter prologen deltok i finalen som var fellesstart med 4 skytingar.
På sprinten søndag vart det også ei flott plassering. Etter tre strafferundar kom han i mål til 25. plass blant dei 65 som starta.
Trygve Aaland Tryggestad har poeng frå alle dei fire Norgescup-renna som er arrangert hittil i år, og ligg på 13. pl samanlag i kl M17.