Lokalnytt

Aksjekapitalen veks.

Interessegruppa samla for planlegging vidare tysdag. Frå venstre Egil Røyrhus, Øystein Ljøen, Ole Arnstein Ringdal og Svein Sporstøl.
Interessegruppa samla for planlegging vidare tysdag. Frå venstre Egil Røyrhus, Øystein Ljøen, Ole Arnstein Ringdal og Svein Sporstøl.

Kulturarrangementet på Sunnylven samfunnshus gav 250.000 i ny aksjekapital til kjøp av Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. Og oppslutninga om oppkjøpet av kunst og servicesenteret held fram, fortel Øystein Ljøen i interessegruppa.
-Det var fantastisk då vi nådde 2.3 mill i aksjeteikning, men då vi kunne plusse på ytterlegare 250.000 etter kulturkvelden laurdag, var det nesten uvirkeleg det som skjedde, det engasjement som folk viser for saka. Og det berre held fram, for stadig kjem nye og lurer på om dei er forseine til å kjøpe seg inn.
Det er berre endå meir fantastisk, eit eventyr vi aldri trudde vi fekk oppleve. Snart passerer vi 2.6 mill frå 170 aksjonærar-, fortel Øystein Ljøen.

Det blir lange dagar for dagleg leiar ved HT Bygg a/s på Hellesylt og andre i interessegruppa for kjøp av Peer Gynt Galleriet. No brukar dei ledig fritid til å organisere alt som skal gjerast før det nye kjøparselskapet er på plass. Generalforsamling skal haldast i løpet av mars.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380