Lokalnytt

Årsmøte i Sunnylven kyrkjelyd

Under bispevisitasen i mai besøkte biskop Ingeborg Midttømme også Peer Gynt Galleriet og fekk sjå Oddvin Parr sine relieffbilete.
Under bispevisitasen i mai besøkte biskop Ingeborg Midttømme også Peer Gynt Galleriet og fekk sjå Oddvin Parr sine relieffbilete.

Nyleg vart det halde årsmøte i Sunnylven kyrkjelyd. Her vart det lagt fram ei svært god årsmelding som var innom all aktivitet i tilknyting til kyrkjelege hendingar. Også frå rekneskapen til Sunnylven sokneråd vart det presentert solide tal.

Mange deltok i dei 30 gudstenester i Sunnylven siste året. Totalt var 3603 personar registrerte noko som gav ein gjennomsnitt på 120 og ein oppgang frå året før på 34 personar. Auken skuldast at Storfjorden venner sitt sommarstemne i Matvika talde med som ei av gudstenestene, heiter det i årsmeldinga.
I 2011 vart det døypt fleire born i kyrkja (7) enn fødde i Sunnylven (6). Tre brudepar vart vigde og 13 gravlagde.
Det var bispevisitas ved Ingeborg Midttømme i mai, gudsteneste i høve barnestemne på Hellesylt og avskil med sokneprest Svein Runde i september.
Fem friluftsgudsteneste vart halde rundt om i Sunnylven, i Matvika, Moldskreddalen, Høgreiten, Ljøbrekka og Flofjellet.
Fire av desse var ved Anne Line Tufteland Kroken som var prestevikar i Sunnylven og Geiranger sommaren 2011.

Ungdomsarbeid og konfirmantar
I 26 år har kyrkjelyden i Sunnylven hatt barnekor. I 2005 vart det to kor, Ariel og Joyful, men frå september i fjor vart Ariel, det yngste koret lagt ned. Joyful har 22 medlemer frå 5-10 klasse.
To jenter og to gutar vart konfirmert i 2011. For desse var det ingen konfirmantfest, men i staden rodde dei saman med Svein Runde i båt frå Hellesylt til Geiranger. Ein sterk prestasjon som ikkje har vore gjennomført av nokon på fleire titalls år.

Eit spesielt år
-Det har vore eit spesielt år for kyrkjelyden. Svein Runde, presten vår, vart tilsett som prost og flytta med familien sin frå Hellesylt etter 26 år som prest i Sunnylven. Det gledelege er at han er tilsett som prost i vårt prosti.
Vi har no vore utan fast prest i eit år, og håpar at stillinga vert lyst ut og at vi får tilsett ny prest.
Så har vi hatt bispevisitas. Det er både travelt og kjekt å ha biskopen med følgje på besøk. Soknerådet vil takke alle som på ulike vis har støtta opp under arbeidet i kyrkjelyden. Det er oppmuntrande å merke interesse, omsorg og medansvar frå kyrkjelyden-, står det å lese til slutt i årsmeldinga.

Soknerådet i Sunnylven.
Det nye soknerådet i Sunnylven tok til 1. november 2011 og er samansett slik:
Leiar: Stig Tryggestad
Nestleiar: Tor Arne Tryggestad
Sekretær: Olveig Frøysa
Styremedlemer: Ann Kristin Langeland, Berit T. Hole, Lilli Karin Ljøen, Odd Jostein Bjørdal, Solveig Førde, Marit Hellebostad, Åse S. Ringdal (1. vara) og prost Svein Runde.

Anne Line Tufteland Kroken var prestevikar og Svein Runde vart prost i Austre Sunnmøre prosti i 2011.
Anne Line Tufteland Kroken var prestevikar og Svein Runde vart prost i Austre Sunnmøre prosti i 2011.
Konfirmantane Inga Elise Vik, Nanna Frøysa Hellebostad, Andreas Nybø Støverstein og Håkon Elias Kjellstad rodde fjorden til Geiranger saman med sokneprest Svein Runde.
Konfirmantane Inga Elise Vik, Nanna Frøysa Hellebostad, Andreas Nybø Støverstein og Håkon Elias Kjellstad rodde fjorden til Geiranger saman med sokneprest Svein Runde.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380