Flotte tur og langrennsløyper
Sunnylven IL sine trakkemaskinkøyrarar gjer ein god jobb. På fine vinterdagar er det oppkøyrde løyper frå langrennstadion i Hyttehola, til Høgane mot Terdalen og over på hytteområdet i Kjellstadlia.
Sist søndag møtte underteikna ein av sjåførane på den nye, flotte trakkemaskina til idrettslaget. Trond Åge Dyrkorn hadde nett gjort runden til trimposten på Høgane mot Terdalen. På Liamyrane var det oppkøyrd fleire alternativ, både for sprekingar og vanlege trimmarar. Han hadde nett sendt ut sms-melding til fleire som abbonerer på slik melding om at løyper var klare til bruk.
Snart skulle han krysse fylkesvegen for å køyre opp eit løypenett også i hyttefeltet i Kjellstadlia og vidare mot Kjellstaddalen.
Ein flott service frå idrettslaget, men det kostar å drifte ei stor trakkemaskin. Sjåførane jobbar gratis, men utan drivstoff går det ikkje. For få dagar sidan tanka idrettslaget diesel for 15.000,- kroner, fortalde Dyrkorn. Om det ville vare vinteren ut visste han ikkje.