Lokalnytt

Havlanddagar på Hellesylt

Roger Tryggestad t.v. og Arnfinn Tryggestad var også innom Havlanddagane til kaffi, kake og eit triveleg møte med Tare.
Roger Tryggestad t.v. og Arnfinn Tryggestad var også innom Havlanddagane til kaffi, kake og eit triveleg møte med Tare.

I februar inviterer Sparebanken Møre til Havlanddagar. Då kjem spesielt mange born innom dei mange banklokala for å tømme sparebørsene sine.

Torsdag 21. februar var turen komen til Sparebanken på Hellesylt der vertskapet med Tare i spissen spanderte kaffi og kaker og ”gullmyntar” til alle.
Det var ein jamn straum innom heile dagen, spesielt møtte mange born opp for å tømme fulle sparegrisar. Som belønning for bidraga fekk dei unge innskytarane velge seg ei lita gåve, anten t-skjorte eller lue med figuren Tare på.
I tillegg til legoklossar var fargeblyantar flittig i bruk hos dei unge der både Bølgen FK, Dronning Perle, Prinsesse Maren og Tare fekk flotte fargelagte drakter.

Den litt eldre garde såg også ut til å sete pris på Havlanddagane og utveksla nok mange gode tankar og synspunkt over ein kopp kaffi og ei velsmakande marsipankake.
Mellom alle rusla store, snille Tare og delte ut sine ”gullmyntar”, både ein og to til kvar.

Det starte på 80-talet med Sparebankveka, seinare vart det Sparebankdagane og no er det Havlanddagar, fortalde banksjef Stig Tryggestad, og la til:
”Dagane” har mest fokus mot born og sparing. Økonomien er med på å forme framtida, så gjennom å spare for og saman med borna gjev vi dei fordelar dei vil ha nytte av seinare i livet.

-
-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380