Lokalnytt

Jubileumsår for Sunnylven sanitetslag

I over 30 år har Sunnylven sanitetslag halde loppemarked under Sommardagarrangement på Hellesylt.
I over 30 år har Sunnylven sanitetslag halde loppemarked under Sommardagarrangement på Hellesylt.

Sunnylven sanitetslag er inne i sitt jubileumsår. 1912 er rekna som skipingsår for laget sjølv om aktiviteten starta noko tidlegare. 100-årsmarkeringa blir på Hægstad Gård 4. mai.

Sunnylven sanitetslag har 50 medlemer, ein tredjedel møtte på årsmøtet nyleg.

Ei svært fyldig årsmelding fortalde om ein sprek 100-åring, aktiviteten har vore både stor og variert.

I 2011 vart det halde pensjonistfest, arrangert laurdagskafe, kaffistund på omsorgssenteret, laget var på plass med sitt loppemarked under Sommardagar på Hellesylt, og det har blitt halde medlemsmøter.
Medlemer i Sunnylven sanitetslag laga og selde fastelavnsris, og det vart skipa til Jentebølgen på Hellesylt med 45 deltakarar.
Sanitetslaget driv også minibutikken på Sunnylven omsorgssenter, og fleire gode tiltak har fått pengegåver med til saman 10.000,- kroner. Mellom anna vart kjøp av ein hjartestartar støtta med 5000,- kroner.

Val og alle andre saker på årsmøtet gjekk raskt unna. Planlegging for 100-årsfeiringa er godt i gong og mykje er på plass. Av personar som er invitert og har sagt ja til festen er Yngve Andersen, kjent mellom anna frå TV-programmet PULS som trimrådgjevar.

Val.
Hovedstyret:
Kari Hauso Stadheim,
Solbjørg Alme,
Elise Rørhuus Øie, (attval)
Ruth Nygaard Frøysa, (attval)
Ruth Hole Aaland, (attval)

Varamedlemer:
1. Ester Kjellstadli
2. Anne Marie Hauge Ljøen
3. Ingebjørg Fivelstad

Valnemnd:
Ruth Tronstad
Solfrid O. Lien
Anne Gausdal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380