Lokalnytt

Kandidat til Reiselivsperla 2012

Fylkesordførar Olav Bratland overrekte hotelleigar Iris Fivelstad og Villa Norangdal Norsk kulturarv si utmerking Olavsrosa i 2010.
Fylkesordførar Olav Bratland overrekte hotelleigar Iris Fivelstad og Villa Norangdal Norsk kulturarv si utmerking Olavsrosa i 2010.

Villa Norangdal, det vesle hotellet i Nebbedalen og ved inngangen til verdskjende Norangsdalen, er ei av 15 reiselivsbedrifter som knivar om å bli Reiselivsperla 2012. Avgjerda fell på Norges Varemesse på Lillestrøm 2- 4 mars.

Villa Norangdal har kultur og tradisjon i veggane. Hotellet vart bygt i 1885 og fram til 1960 – 70 åra var mange kjende personar innom dørene, både på gjennomreiser og lengre opphald.
Etter nokre år der drifta låg nede, vart hotellet opna på nytt i 2004.

Villa Norangdal er frå før tildelt Olavsrosa, og no kjempar bedrifta med 14 andre om ei ny, prestisjefylt utnemning.

Desse er nominert:
Frå nord: Vega Havhotell, Sorrisniva, Ongajoksetra.
Frå vest: Villa Norangdal, Walaker Hotell, Åmot Operagard.
Frå midt: Håholmen Havstuer, Stokkøya sjøsenter, Angvik Gamle Handelstad
Frå øst: Engø Gård Hotel & Restaurant, Dyna fyr, Herangtunet
Frå sør: Paulsens Hotell, Strand Hotell Fevik, Bokhotellet Lyngørporten.

-Perle er ikkje ein pris til ein fjord, eit fylke, stand eller tettstad. Det er ein pris til reiselivsbedrifter, for dei som har eit norsk produkt å selge i eit marked-, skriv juryen som bakgrunn for prisen.

Bli med og stem fram Villa Norangdal som reiselivsperle 2012 på denne linken: http://www.facebook.com/Reiseliv?sk=app_335927766439927&app_data=14%3B2455

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380