Lokalnytt

Laga fastelavnsris

Jorunn Hellesylt, t.v. og Åse Lie viser fram kvar sin ferdig fastelavnsbukett.
Jorunn Hellesylt, t.v. og Åse Lie viser fram kvar sin ferdig fastelavnsbukett.

I arbeidsstova på Sunnylven omsorgssenter var mange medlemer frå Sunnylven sanitetslag samla for å gjere klar fastelavnsris for sal, ei viktig inntektskjelde for laget.

Fleire av damene hadde sjølve vore i skogen og henta materiale til dagens dugnad, fekk vi oss fortalt. Og ut over golvet låg bjørkeriset strødd for å bli vurdert, for berre dei finaste riskvistane skulle nyttast når medlemane i Sunnylven sanitetslag laga fastelavnsris for sal.
Arbeidet gjekk nærmast etter samlebandprinsippet såg det ut som. Nokre klipte til høvelege riskvister, andre sette dei saman til bukettar, før dei neste pynta med fargerike fjør. Til sist kom merket med logo til Norske Kvinners Sanitetsforening på plass.
Dermed var fastelavnsriset til 50.- kroner klart for sal, ein pris som er fast over heile landet.

Inntekta til lokalt formål
Då vi stakk innom var mykje ferdig, men også mykje arbeid stod att. Målet var 150 bukettar og salet skulle starte i veke sju.
Inntekta av salet går i år som så mange gonger før til eit godt formål i bygda. Etter det vi forstod hadde dei eit spesielt i sikte denne gongen.
Men det var ikkje berre jobb det dreia seg om i arbeidsstova på omsorgsenteret. Drøsen kring langbordet gjekk lett og lystig, og snart venta både lapskaus, kaffi og eplekake til alle.

Sal av fastelavnsris er ei av sanitetslaga sine største inntektskjelder.
Det starta i 1946 og sidan har salet auka årleg. I 2009 vart det på landsplan selt 160.000 fastelavnsris og 7.0 mill. kroner kom inn til helse og andre gode formål i bygd og by.

"Drøsen" og arbeidet med å lage fastelavnsris gjekk unna.
«Drøsen» og arbeidet med å lage fastelavnsris gjekk unna.
Frammøte til dugnaden var i år av det beste nokon gong, vart det sagt.
Frammøte til dugnaden var i år av det beste nokon gong, vart det sagt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380