Lokalnytt

Mange på triveleg kulturkveld

Kåsørar og programleiar. Frå venstre Svein Runde, Harald Grytten og festleiar Jan Ove Tryggestad.
Kåsørar og programleiar. Frå venstre Svein Runde, Harald Grytten og festleiar Jan Ove Tryggestad.

Svein Runde og Harald Grytten var hovedkåsørar under kulturkvelden på Sunnylven samfunnshus laurdag. Runde hadde sett saman eit lysbildekåseri kring Oddvin Parr sitt arbeid med utsmykking i kyrkje, og Harald Grytten tok forsamlinga med på ei lita humoristisk reise på Sunnmøre og i Ålesund.

[avatar user=»Fredrik» size=»original» align=»left»]av: Fredrik Stadheim[/avatar]

Forma inntrykk med fintfølande hand
I Borgund kyrkje la Oddvin Parr ned eit stort arbeid, – det er imponerande å sjå all den vakre utsmykkinga han har laga fleire stader i kyrkja. Også Vilnes kyrkje i Askvoll, Eikesdal kyrkje i Nesset i Romsdal og sjølvsagt Sunnylven kyrkje har utsmykkingar frå Oddvin Parr si kunstnarhand, sa Svein Runde.

Den tidlegare soknepresten i Sunnylven sa at Oddvin Parr fleire gonger gav uttrykk for at det var ei sterk oppleving å kome inn i kyrkja i Sunnylven. Han hadde lært å kjenne Oddvin som ein person med eit fintfølande sinn og ei fintfølande hand. Dette kom til uttrykk i kunsten han skapte. Han hadde ferdigheiter og eit kunstnarsinn som saug til seg inntrykk som han formidla vidare gjennom arbeida, sa Svein Runde.

Det var godt å få ein sjanse til å heidre minnet etter Oddvin Parr, og Runde var glad for å få vere med og gje aksjonen for kjøp av Peer Gynt Galleriet eit løft.
-Og det er alltid kjekt å kome tilbake til Hellesylt. Det er berre å spørje, eg kjem gjerne, sa den tidlegare soknepresten, no prost i Austre Sunnmøre prosti.

Historieforteljar med krakk
Harald Grytten frå Ålesund var på plass under kulturkvelden med krakken sin. Frå den serverte han både truverdige og meir tvilsame historier. Tema for det spenstige kåseriet som fekk låtten til å runge i festsalen var ”Kultur i kvardagen”.

Frå Aksla i Ålesund såg ein vide omkring, til dei mange øyane på kysten, Alle var spesielle på sin måte, det same var folket som budde der.
Snudde ein seg i ei anna retning rakk utsynet heilt til Sykkylven, fortalde Grytten. Lenger inne låg Stranda og der hadde folket oppdaga kva dei kunne leve av, nemleg møblar og pizza. På Stranda kunne dei sete godt og æte pizza, men det misunte sykkylvingane dei og hevda at strandarane var pizzatrengde.

Det vart mykje humor frå Harald Grytten og publikum storkosa seg med historiene og eit ordspel som flomma ut på ein lett og gjenkjenneleg måte.
Den grøne krakken var ein talarstol han nyttar eit par hundre gongar i året og det har gått bra så nær som ein gong, røpa han. Då vart det overbalanse og fallet enda i fanget på to 50 år gamle damer.
-Det var nesten så eg heldt på å besvime, sa Harald Grytten til stormande jubel.

Harald Grytten er kjent frå bybrannvandringar i Ålesund, byen som brann heilt ut i 1904. På tre og eit halvt år vart alt bygd opp igjen, om lag like lenge som det går å få behandle ein byggesøknad for ei garasje i dag, skjemta Grytten.
Han avslutta eit triveleg kåseri med å viste bilete av fleire flotte bygg som etter gjenreisinga har prega jugentbyen og gjort Ålesund vide kjent.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380