Lokalnytt

Ønskjer bilete av badehus og stupetårn

Badehuset og badestranda på Hellesylt er mykje besøkt i sommarhalvåret.
Badehuset og badestranda på Hellesylt er mykje besøkt i sommarhalvåret.

Hellesylt Ungdomslag og badehusstyret førebur arbeidet med gjenreising av stupetårn og anna restaurering av badehuset. Dei ønskjer no bilete som viser korleis alt såg ut kring 1937.

-Vi skal no pusse opp badehuset og bygge opp stupetårnet i alle sine fire høgder, og landgangen skal rettast opp. No treng vi bilete av huset for å kunne sete det i stand slik det var frå 1937 og utover, gjerne også frå når det var store symjestemner der.
Vi ønskjer også å få vite korleis fargen på badehuset var den gongen.
Historier knytt til badehuset vil også vere stor stas å få-, skriv Asle Ringdal, medlem av badehusstyret i HUL.

Om nokon kan hjelpe med bilete eller andre opplysningar så ta kontakt med Asle Ringdal, tlf. 907 64 708.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380