Lokalnytt

Skadeskjønn avlyst

Snart to månader etter juleorkanen er Hellesylt stadion framleis eit trist syn for alle fotballgale sunnylvingar.
Snart to månader etter juleorkanen er Hellesylt stadion framleis eit trist syn for alle fotballgale sunnylvingar.

Skaden på Hellesylt stadion kjem ikkje inn under erstatning frå Naturskadefondet. Det er beskjeden frå lensmann Evelyn Liseth. Heller ikkje forsikringsselskapet til Sunnylven IL vil bidra med pengar til utbetring av naturskaden.

Skadeskjønnet på Hellesylt stadion som var bestemt til sist fredag, vart avlyst. Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad fortel at det kom beskjed frå lensmann Evelyn Liseth om at skaden ikkje kan dekkjast av Naturskadefondet då stadion ikkje var forsikra. Dermed vart skadetaksten avlyst.
Stranda kommune held fram planarbeide for å få sett Hellesylt stadion i stand igjen så snart som råd, og vil alt måndag drøfte om ein skal søkje til Kommunal –og Regionaldepartementet om ekstra middlar til gjenoppbygging, seier ordførar Tryggestad.

Også forsikringsselskapet som Sunnylven IL har sine forsikringar i, har stilt seg avvisande til erstatning av skaden på kunstgrasbana.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380