Årsmøte i Sunnylven skulekorps
Sunnylven skulekorps har halde årsmøte. Gunhild Kvam held fram som leiar i styret for korpset som har 20 faste musikantar.
Sunnylven skulekorps kan sjå tilbake på eit aktivt og godt år i 2011. Korpset held høg musikalsk standard og gleda stadig vekk med flott korpsmusikk. 17. mai, baneopning på Hellesylt stadion og julekonsert i Sunnylven kyrkje var nokre av mange opptredenar siste året.
Også rekrutteringa er god. 20 musikantar utgjer dei faste i korpsrekkene, og i tillegg er fem tidlegare medlemer med i periodar. Korpset har no tre aspirantar.
Konsertar.
Sunnylven skulekorps skal til sommaren delta på Rocka korpsstemne på Nordfjordeid 15 – 17 juni. For neste år planlegg korpsleiinga ein lenger tur, kanskje til utlandet.
Sunnylven skulekorps opptrer saman med Stranda skulekorps to gonger no i mars, første på Stranda 18. mars og dernest i Sunnylven samfunnshus fredag 23. mars. Der deltek også aspirantane og andre korpsmedlemer med eigne musikkinnslag.
På konserten som er open for alle blir det kafé med sal av pizzabaguettar og kaker.
Styret 2012.
På årsmøtet i Sunnylven skulekorps vart Gunhild Kvam attvald som leiar. Andre styremedlemer er: Wenche Ringdal, Randi Sæter, Geir Frøysa, Anita Langeland (ny) og Hilde Brekke (frå økonominemnda).