Lokalnytt

Årsmøte i Venneforeninga for Bygdetunet

Karl Johan Øie er styreleiar i Bygdetunets Venner. Her saman med Laila Kjellstadli Bevan t.v. og Marie Johanne Folven under olsokfeiring i Bygdetunet 2010.
Karl Johan Øie er styreleiar i Bygdetunets Venner. Her saman med Laila Kjellstadli Bevan t.v. og Marie Johanne Folven under olsokfeiring i Bygdetunet 2010.

Bygdetunets Venner har halde årsmøte. Karl Johan Øie vart samrøystes attvald som leiar i styret, og i tillegg til årsmøtesaker var det lysbiletframsyning og enkel servering.

Auka innsats i medlemsvervinga gav 40 nye siste år slik at Venneforeninga Hellesylt Bygdetun no har 127 medlemer. 18 av dei møtte på årsmøtet som vart halde på Sunnylven Kyrkjelydshus 15. mars.
Også siste år var det olsokstemne i Bygdetunet, og det vart arbeidd med fleire saker, som fotoutstilling og boksamling, og det vart arrangert kulturkveld der dr. Hans Chr. Paulsen kåserte kring ”Helsetilhøva og kosthaldet i Sunnylven for 100 år sidan”.
No førebur Venneforeninga ein ny kulturkveld om ”Lensmannstenesta i gamle dagar”. Den er planen å halde i lensmannsstova hos Synnøve og Hans på Hjellhaugen.

Vedtak på årsmøtet.
På årsmøtet vart medlemskontingenten vedteken uendra og er på kr. 100.-.
Karl Johan Øie held fram som leiar i styret, og Jorun Trøen vart nytt styremedlem.
Styret for 2012 er:
Styreleiar: Karl Johan Øie
Styremedlemer: Marit Ljøen (attval) Per Svein Hole (attval) Odd Jostein Bjørdal, Jorun Trøen (ny).
1.varamedlem: Astrid Langeland.
2. varamedlem: Ruth Hole Aaland.

Roger Tryggestad vart ny revisor etter Arnfinn Tryggestad som hadde sagt frå seg attval. Han fekk gode takkeord frå styreleiar og blomar for oppofrande arbeid i Venneforeninga i mange år.

Til slutt under årsmøtet viste Karl Johan Øie ein lysbiletserie eldre fotografi frå Sunnylven, teke av fotograf Magnus Aaning.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380