Lokalnytt

Fekk nye idear på reiselivsmesse

Frå Villa Norangdal sin stand på Reiseliv 2012. (Foto: Privat)
Frå Villa Norangdal sin stand på Reiseliv 2012. (Foto: Privat)

Villa Norangdal var ein av i alt 382 deltakarar på Reiseliv 2012 på Lillestrøm. Deltakinga gav stort utbytte og inspirasjon, seier Iris Fivelstad ved hotellet.

Turen til Lillestrøm baud på meir for Team Norangdal enn å stå på stand i tre dagar. Det vart besøk på fleire arrangement utanom, som ”Den norske skattejakten 2012” i mathallen Vulkan på Grynerløkka og minglefest i Oslo Spektrum. Her var prisen til ”Perla 2012” delt ut av Arne Hjeltnes.

Villa Norangdal var ein av 15 sterke finalistar til prisen der vinnaren vart Åmot Operagard, Bygstad. Facebook-prisen, nettbrukarane sin favoritt gjekk til Vega Havhotell, fortel Iris Fivelstad.

Nyttig
Under Reiseliv 2012 var totalt 20184 innom messa.
Team Norangdal er godt nøgde med turen og deltakinga sjølv om det ikkje vart med pris heim, seier Iris Fivelstad og legg til:
-Nettverksbygging med andre reiselivsbedrifter og inspirasjon og nye idear er eit like stort utbytte frå ei slik messedeltaking som det å få presentere oss for publikum-.

Sesongen i gong.
Villa Norangdal har hatt sesongopning alt med turoperatøren Hvitserk. Fleire gjestar var sist helg innom hotellet på Haugen i Nebbedalen for topptur til 1420 meter høge Blæja.
Dermed er sesongen i gong, seier Iris Fivelstad.
Det er registrert rekordmange tingingar av vårskituristar. Hotelleigaren vonar på godt ver og fine forhold i fjella framover.

Mange var innom reiselivsmessa på Lillestrøm, også Solan frå Flåklypa (Foto: Privat)
Mange var innom reiselivsmessa på Lillestrøm, også Solan frå Flåklypa (Foto: Privat)Vill

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380