Ukategorisert

”Huset vårt” kjøpt i dag

Framfor "Bøygen" blir nøklane til Peer Gynt Galleriet overrekt frå Kari Mette Ski til Øystein Ljøen. Dermed hadde kunstsenteret skifta eigarar.
Framfor «Bøygen» blir nøklane til Peer Gynt Galleriet overrekt frå Kari Mette Ski til Øystein Ljøen. Dermed hadde kunstsenteret skifta eigarar.

Peer Gynt Galleriet A/S på Hellesylt vart i dag formelt overdrege frå dei gamle til dei nye eigarane. Kjøpet som 219 nye aksjonærar står bak omfattar heile kunstsenteret og alle Oddvin Parr sine Peer Gynt-relieff. Kjøpesummen er på 6.5 mill. kroner.

 

Dei tidlegare aksjonærane i Peer Gynt Galleriet A/S var fredag 30. mars kalla inn til generalforsamling på Hellesylt med ei sak på kartet, sal av selskapet sin eigedom til den nye aksjonærgruppa, dei fleste lokale interessentar.
Det meste, mellom anna kjøpesummen på 6.5 mill. kroner var avtala på førehand så det vart ei kort generalforsamling før nøklar til kunst og servicesenteret vart overlevert frå tidlegare styreleiar Kari Mette Ski til Øystein Ljøen.
Fram til generalforsamling i slutten av april i ”nye” Peer Gynt Galleriet A/S er Øystein Ljøen styreleiar med Ole Arnstein Ringdal, Ingunn Parr og Egil Røyrhus som styremedlemer.
Randi Sæter er tilsett som dagleg leiar i drivarselskapet, og opning blir truleg tidleg i mai.

Alle utfordringar kan løysast
Øystein Ljøen har vore koordinator i arbeidet med på skipe det nye eigarselskapet. Fredag kunne han lene seg tilbake i stolen i forvissning om ar godt arbeid var utført.
– Vi kom i mål og det skal vi vere stolte over. Her har heile bygda engasjert seg, 219 namn er ført inn i aksjonærprotokollen med ein samla sum på 2.833.000,- kroner. Alle husstandar er representert, det er berre utruleg flott av ei lita bygd.
Vi ser at det kan bli mange utfordringar når det gjeld drifta, men det skal vi også klare. Det er eg sikker på, ikkje minst etter å kome tilbake på kontoret og finn beskjed om at ”måndag ryddar trimdamene kring Hægstad Gård”.
Eg trur det kjem fleire slike beskjedar i tida framover-, seier den nye styreleiaren Øystein Ljøen.
Han rosa også 62° Nord for ryddig samarbeid kring kjøpet, og ikkje minst Egil Flakk som var drivkrafta bak å få reist kunstsenteret i 2002. Uten hans engasjement hadde ikkje Hellesylt hatt Peer Gynt Galleriet A/S i dag, meinar Ljøen.

Nøgde med salet
Kari Mette Ski frå 62° Nord tykte det var godt at det vart ei lokal løysing. Ho var imponert over det store engasjementet og at meir enn 200 hadde teikna seg for aksjar.
– Peer Gynt Galleriet A/S har hatt varierande driftsforhold og det har vore vanskerleg å få til lønsam drift. Etter kvart såg vi også at avstanden frå Ålesund til Hellesylt var litt stor.
No er vi komne fram til eit sal og vi er nøgde med løysinga. Vi ønskjer alt godt for drifta og det nye selskapet, og sjølv om vi er ute som eigarar vil vi nok følgje med -, sa Kari Mette Ski.

Har trua på medeigarskap
Eldar Parr var til stades og representerte familien til kunstnaren bak Peer Gynt-relieffa, Oddvin Parr. Han var også svært glad for at kunsten etter faren var sikra på Hellesylt, og han hadde tru på at også drifta ville gå bra.
– Det er noko med det når du er medeigar, du stikk kanskje innom litt oftare enn du elles hadde gjort -.

Ordføraren imponert
Ein gledens dag, seier ordførar Jan Ove Tryggestad om det som har skjedd og som sikrar at kunsten i Peer Gynt Galleriet blir på Hellesylt.
– Det viser til fulle at lokalt initiativ kan lukkast, at stå-på-viljen er levande enno.
Kommunen skulle sjølvsagt også ha vore med om vi hadde vore i ein normal økonomisk situasjon, men det er vi ikkje.
Men mange andre har gjort ein strålande jobb for denne saka, både i og utanfor bygda. Det er berre fantastisk å registrere, for kunsten og ikkje minst kunstnaren Oddvin Parr fortener det-, seier ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad.

Medlemer i det midlertidige styret saman med familie etter kunstnaren Oddvin Parr. Frå høgre Egil Røyrhus, Øystein Ljøen, Ole Arnstein Ringdal, Eldar Parr, Gunnvor Parr. Ingunn Parr er også medlem av styret, men var ikkje til stades fredag.
Medlemer i det midlertidige styret saman med familie etter kunstnaren Oddvin Parr. Frå høgre Egil Røyrhus, Øystein Ljøen, Ole Arnstein Ringdal, Eldar Parr, Gunnvor Parr. Ingunn Parr er også medlem av styret, men var ikkje til stades fredag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380