Lokalnytt

Øcal restaurant sel softis

I fjor var Rikard Eide Ljøen t.v. og Brede Ringdal første softis-kundane til Tahir Øcal. Kven blir først på fredag?
I fjor var Rikard Eide Ljøen t.v. og Brede Ringdal første softis-kundane til Tahir Øcal. Kven blir først på fredag?

Frå komande fredag kan ein kjøp softis ved Øcal restaurant på Hellesylt. No er det ope dagleg ved restauranten med ekstra lange opningstider i helgar.

Sjølvsagt tilbyr Øcal restaurant mange slags rettar og spesielt mange pizzavariantar. Men no når våren er i kjømda minner dei spesielt om softisen, for frå komande fredag er salet i gong for sesongen.
Softisen blir kjempegod, lovar Tahir Øcal ved Øcal restaurant. Ein kan kjøpe store og små softis i beger eller kjeks og med sjokolade, jordbær eller krokandryss på. Fredag er tilbodet i gong og varer heile våren og sommaren til endes.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380