Lokalnytt

Utbetring av stadion i det blå

Slik såg Hellesylt stadion ut etter uveret i romjula. Slik ser bana ut også i mars 2012.
Slik såg Hellesylt stadion ut etter uveret i romjula. Slik ser bana ut også i mars 2012.

På kommunestyremøtet i Stranda 14. mars var den skada kunstgrasbana på Hellesylt stadion oppe som sak. Eit samrøystes kommunestyre vedtok at bana skal reparerast.

Kunstgrasbana på Hellesylt stadion vart totalskada i uveret som herja første og andre juledag i fjor. Til no er ingen ting reparert, heller ikkje er det blitt halde skadetakst. Fotballgruppa i Sunnylven har meldt på ni lag i seriespel, opplyser fotballeiar Steinar Hjelle. Idrottslaget står utan godkjent fotballbane.

Det var få representantar som tok ordet etter at ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) hadde orientert kort om saka. Han inviterte kommunstyret til å gjere eit prinsippvedtak, for bana måtte reparerast.
-Vi er nødt til å reparere bana. I motsatt fall vil vi tape spelemiddlane og det er like stort beløp som å reparere bana-.

Ole Magnar Kjølås (Frp) var undrande over at naturkrefter kunne rasere ei heil kunstgrasbane. Han var oppteken av om noko av kunstgraset kunne nyttast oppatt, til dømes på mindre baner. Han etterlyste også forsikringsordningar og stilte spørsmål om bana på Stranda var forsikra. Det var ho ikkje, og til liks med mange andre kunstgrasbaner.

Bente Bonsaksen (Sp) oppfordra om å arbeide hardt opp mot departementet og få tak i skjønsmiddlar til rehabiliteringa som var antyda å koste rundt 3. mill.kronner.
-På Sunnylven skule er der 90 elevar og berre ei handfull av dei spelar ikkje fotball. Det er eit stort behov i bygda for ei bane å spele på, for heller ikkje grusbana er brukbar lenger-, sa Bente Bonsaksen.

Eit samrøystes kommunestyre gjorde dette vedtaket:

”Stranda kommune ynskjer å setje i stand kunstgrasbana på Hellesylt stadion. Før kommunestyret kan løyve middlar til formålet må takst, finansiering og forsikring føreligge”.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380