Damelaget vann i Stryn
Sunnylven / Stranda vann 2-1 over Stryn i siste treningskamp før seriestart. Mange nye fekk prøve seg og viste at det bor mykje fotball i det unge mannskapet.
Sunnylven / Stranda fekk revansj for 1-0 tapet mot Stryn tidlegare i vinter. Også søndag tok nordfjordlaget leiinga og var føre med 1-0 etter første omgang.
I andre var gjestane best på Stryn kunstgrasbane, i alle høve i målprotokollen. Kirsti Frøysadal Hauge banka inn utlikning etter 65. minutt og sigersmålet fire minutt før full tid.
Dermed 2-1 siger til Sunnylven / Stranda, eit lag som er klar til seriestart mot Herd på Stranda Stadion onsdag 25. april.
Desse spela mot Stryn:
Christina Holmberg, Lillian Aasheim, Linn Kammen, Linda Vågsæter, Tina Jøsok, Kristin Ringdal, Eline Langlo, Lena Gjerde, Jannicke Gjerde, Anette Frøysa, Stine Fivelstad, Kirsti Frøysadal Hauge, Elisabeth Enoksen, Irene Trøen Frøysa, Nanna Frøysa Hellebostad, Terese Hauge.