Lokalnytt

Gamleskulen Aktivitetsmuseum skipa

Nyvalt styre i Gamleskulen aktivitetsmuseum. Frå venstre Liv Jorunn Sporstøl, Odd Josten Bjørdal, Solfrid Onsøien Lien, Kari Hauso Stadheim,Marit Ljøen.
Nyvalt styre i Gamleskulen aktivitetsmuseum. Frå venstre Liv Jorunn Sporstøl, Odd Josten Bjørdal, Solfrid Onsøien Lien, Kari Hauso Stadheim,Marit Ljøen.

På Hellesylt er det stadig nye kulturelle bevaringsprosjekt det blir teke fatt på. I vinter samla bygda seg om ein ”redningsaksjon” for Peer Gynt Galleriet og lukkast, no er det gamleskulen i Hellesylt sentrum det gjeld.

Tysdag vart ei foreninga skipa med formål å overta, vedlikehalde og etter kvart skape aktivitet i det gamle skulehuset i sentrum. Foreninga fekk namnet Gamleskulen aktivitetsmuseum.

Tretten personar møtte på skipingsmøtet der vedtekter og årskontingent for medlemer vart vedteke, og styre valt.

Frå november i fjor har ei gruppe personar sett på tiltak for å bevare og samstundes skape aktivitet i det gamle skulebygget frå 1898.
Frå før er det samla mykje inventar og skulemateriell frå gamle dagar, så å lage eit skulemuseum er eitt av måla vart opplyst på møtet.
Sunnylven skule på Hellesylt har også ved visse høve nytta det gamle skulerommet.
-Skuleborna synest det er kjekt å kome inn i den gamle skulestova, få sitje på dei gamle trepultane og skrive med blekk og penn, sa Kari Hauso Stadheim då ho fortalde litt frå historia til bygget fram til i dag.

Treng utbetring
Stranda kommune er eigar av gamleskulen på Hellesylt. Styret i Gamleskulen aktivitetsmuseum vil no sende ein forespørsel og drøfte ei overtaking av skulen og tomta ikring. Bygninga står på forfall, taket er sterkt skada av rote og der er store mottangrep fleire stader. Det hastar med å gjere noko, kom det fram på møtet.

Medlemskontingenten i Gamleskulens aktivitetsmuseum er kr. 100.-
Styret håper mange melder seg som medlemer og hjelpet til med å finansiere utbetringsarbeida om foreninga får overta eigedomen frå Stranda kommune.

Styret:
Leiar: Kari Hauso Stadheim
Styremedlemer: Odd Jostein Bjørdal, Solfrid O. Lien, Marit Ljøen, Liv Jorunn Sporstøl.
Varamedlemer: Astrid Langeland, Arne Ringdal, Fredrik Stadheim.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380