Lokalsport

Herd vann 4-2 mot Sunnylven/Stranda

Sunnylven/Stranda spela ein god andre omgang og skapte mange store målsjansar framfor Stefania Valeria Øyen i Herd-målet
Sunnylven/Stranda spela ein god andre omgang og skapte mange store målsjansar framfor Stefania Valeria Øyen i Herd-målet

Herd skora tre gonger i første omgang mot Sunnylven/Stranda i serieopninga på Stranda stadion onsdag. I andre omgang var det heimelaget som donka inn tre skoringar, men diverre eitt i eige mål.

Herd stakk av med alle poenga mot Sunnylven/Stranda på Stranda stadion. Ein god første omgang av gjestane gav 4-2 siger. Ved kvilen halvvegs stod det 3-0.
Heimelaget Sunnylven/Stranda opna litt forsiktig i 3.div oppgjøret mot Herd. Spesielt var forsvarsspelet usikkert og det utnytta gjestane.
Det stod 3-0 til Herd ved pause etter tre flotte mål, to av dei på hjørnespark. Christina Holmberg var sjanselaus på å avverge.
1-0 kom etter 17. minutt ved Synne Rørstad, 2-0 tre minutt seinare ved Marita Krøvel og 3-0 skalla Linda Hovde inn 30. minutt ut i omgangen.

God andre omgang
I andre omgang hadde heimelaget lagt att nervane og repekten for gjestane i garderoba. Det var nærmast eit nytt lag i raudt og blått som kom på bana. Men diverre, etter berre åtte minutt ut i omgangen gjekk ballen i eige mål etter at gode Sandra Kammen prøvde å avklare.
Sunnylven/Stranda heldt fram å ”krige” om ballen og sjansane til skoring kom fleire gonger.

Snart kunne eit fåtallig heimepublikum juble for skåring. Eit innlegg frå Janicke Gjerde på venstrekanten nådde storskårar Kirsti Frøysadal Hauge som beina kula i mål. Då viste stadionuret 57. minutt og god tid til fleire nettsusarar. Men det skulle gå heilt til det 90 minutt, då kom eit nytt Kirsti-mål og det var kampens siste. Herd vann seriepremiera 4-2.

Det vart tap for Sunnylven/Stranda i sesongens første seriekamp, men det poenglause oppgjøret har ikkje svekka trua på at laget er eit topplag når siste serieomgang er spela 26. september.

3. divisjon kvinner:
Sunnylven/Stranda – Herd 2 – 4 (0-3)
Mål Sunnylven/Stranda: Kirsti Frøysadal Hauge 57. og 90.
Sunnylven/Stranda:
Christina Holmberg, Linda V¨ågæter, Sandra Kammen, Lene Gjærde, Anniken Hjellbakk Hole, Marte Slettebak, Jannicke Gjerde, Kirsti Frøysadal Hauge, Stine Fivelstad, Inga Elise Nybø Vik, Tina Elisabeth Jøsok.
Nytta innbyttarar:
Lillian Aasheim, Gro Mari Kjellstadli Langleite, Anne Lise Lødøen Helset.
Domar:
Kristian Melseth, FK Sykkylven

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380