Lokalnytt

Leiger motellet av 62° Nord

Ramazan Øcal kan no tilby rom for overnatting på Hellesylt. Alle romma har flott utsikt mot Sunnylvsfjorden.
Ramazan Øcal kan no tilby rom for overnatting på Hellesylt. Alle romma har flott utsikt mot Sunnylvsfjorden.

Ramazan Øcal leiger motellet på Hellesylt til overnatting av 62° Nord. Leigeavtalen gjeld i første omgang ut turistsesongen i år.

Ramazan Øcal driv frå før restaurant Øcal`s på Hellesylt. No ønskjer han å tilby overnatting med frukost. Han trur det er eit behov for eit slikt tilbod på Hellesylt.
I første omgang har han gjort avtale med eigaren, reiselivsselskapet 62° Nord om å leige motellet ut denne sesongen. Der er 28 doble rom, alle med dusj og toalett, men ein del vedlikehald og oppussing er nausynt på ein del av roma, seier Ramazan Øcal.
Han håper å kunne opne for overnattingar i løpet av føraste veke i mai.

For tinging av rom, kontakt Ramazan Øcal, tlf. 941 35 096,
eller e-post: ram_zan89@hotmail.com

Motellet har 28 doble rom med brygge ut mot sjøen.
Motellet har 28 doble rom med brygge ut mot sjøen.
Alle rom har inngang frå hagen bak Grand Hotell.
Alle rom har inngang frå hagen bak Grand Hotell.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380