Lokalsport

Premiefest for skiskyttarar.

Simen Frøysa Hellebostad til venstre, og Jakob Sæter.
Simen Frøysa Hellebostad til venstre, og Jakob Sæter.

Søndag inviterte skiskyttargruppa i Sunnylven IL til premiefest for sesongen 2012. Også fleire frå naboklubben Hornindal IL var til stades og fekk sine premiar i skiskyttarcupen.

Premiefesten på Sunnylven samfunnshus var avslutning på ein lang skiskyttarsesong. Det var premiering for skiskyttarcupen, lagsmeisterskap og utdeling av Villa Norangdal sine vandrepokalar.
I alt 30 skiskyttarar skulle premierast i Skiskyttarcupen der Sunnylven IL var arrangør av fire renn i Hyttehola. 22 deltakarar var frå arrangørklubben og 8 frå Hornindal IL.
Det var styremedlen i skiskyttargruppa, Inge Ann Nybø som stod for utdeling av premiane, dessertskåler frå Rosendal.

Litt ferre deltakarar vart premierte i klubbmeisterskapen og her var det medaljer og pokalar som var premiar.
Til sist vart vandrepokalane frå Villa Norangdal delt ut, hylster for øvingsammunisjon til kanoner på fregattar i sjøforsvaret. Desse vart i år delt ut for fjerde gong og gjekk til vinnarane i klubbmeisterskapen. Neste år blir dei tildelt til odel og eige etter loddtrekning mellom dei som har aksje i vandrepremiane.

Magne Brekke er leiar i skiskyttargruppa. Han tok over etter Rune Tryggestad på årsmøtet i Sunnylven IL sist vinter. Tryggestad har jobba fram eit flott skiskyttarmiljø i klubben og stått på for å reise eit topp moderande skiskyttaranlegg i Hyttehola.
Magne Brekke takka Tryggestad for innsatsen for sporten og overrekte han eit gåvekort.

Inger Ringdal Sæter til høgre og Andrine Støverstein
Inger Ringdal Sæter til høgre og Andrine Støverstein
Frå venstre Hege Ringdal, Emilie Brekke, Ingrid Gausemel, Hornindal og Silje Torheim, Hornindal.
Frå venstre Hege Ringdal, Emilie Brekke, Ingrid Gausemel, Hornindal og Silje Torheim, Hornindal.
To av dei beste skiskyttarane i Sunnylven IL, Trygve Aaland Tryggestad t.v. og Helge Kvam Karbø.
To av dei beste skiskyttarane i Sunnylven IL, Trygve Aaland Tryggestad t.v. og Helge Kvam Karbø.
Vann aksje i Villa Norangdal pokalar, frå venstre Inger Ringdal Sæter, Brede Ringdal, Simen Frøysa Hellebostad, Ruben Støverstein, Emilie Brekke, Ottar Frøysa Hellebostad. Framme Håkon Elias Kjellstad og Inga Nybø Vik.

Rune Tryggestad t.v. fekk gåvekort overrekt frå Magne Brekke og Inger Ann Nybø Vik i skiskyttargruppa som takk for innsatsen gjennom mange år for sporten.
Rune Tryggestad t.v. fekk gåvekort overrekt frå Magne Brekke og Inger Ann Nybø Vik i skiskyttargruppa som takk for innsatsen gjennom mange år for sporten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380