Lokalnytt

Rap-duo til UKM-finalen

Kjetil Frøysa til høgre og Jon-Fredrik Hopland er klare for finalen i UKM i juni.
Kjetil Frøysa til høgre og Jon-Fredrik Hopland er klare for finalen i UKM i juni.

Rap og hip-hop- duoen Kjetil Frøysa frå Sunnylven og Jon-Fredrik Hopland, Stryn gjekk vidare i UKM frå fylkesfinalen i Ålesund. No ventar landsfinalen i Trondheim 22-25 juni.

Kjetil Frøysa og Jon-Fredrik Hopland imponerte med rap og hip-hop musikk under den lokale kulturmønstringa i Storfjord kulturhus i januar. Dei var eitt av fem innslag frå Stranda kommune som gjekk vidare til fylkesfinalen i Ålesund sist helg.
I Ålesund imponerte dei domarpanelet nok ein gong, og dermed blir det tur til Trondheim for dei to der landsfinalen i UKM blir arrangert frå 22 til 25 juni.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380