Lokalnytt

Ros til løypekøyrarar

Sjåførane på trakkemaskina fekk takk og overrakt blomar for godt utført arbeid. Frå venstre Hans Hole, Asle Fivelstad, Trond Åge Dyrkorn, Gisle Aaland.
Sjåførane på trakkemaskina fekk takk og overrakt blomar for godt utført arbeid. Frå venstre Hans Hole, Asle Fivelstad, Trond Åge Dyrkorn, Gisle Aaland.

Under påskebingoen til Sunnylven IL vart dei to sjåførane på trakkemaskina, Asle Fivelstad og Trond Åge Dyrkorn takka for godt utført jobb med skiløyper gjennom vinteren.

Frå tidleg i november har Fivelstad og Dyrkorn hatt jobben med preparering av løypenettet i Hyttehola. Seinare i vinter har det også blitt køyrt på løyper frå Hyttehola mot Røyrhus, på Liamyrane og opp Terdalen, og i området Kjellstadli, Langøyli mot Kjellstaddalen.
Det har blitt lagt ned mange timar arbeid for å gje skifolket best mogleg forhold, og i tillegg ein del jobb med vedlikehald av utstyret. Alt er gjort på dugnad, gratis for skigruppa og idrettslaget.

Under påskebingoen fekk Asle Fivelstad og Trond Åge Dyrkorn rosande ord for innsatsen av medlemer i langrennsgruppa, og overrekt kvar sin blomster som takk for godt utført arbeid.

Ber om økonomisk støtte.
Å drifte ei stor trakkemaskin gjennom ein vinter kostar pengar for idrettslaget. Som tidlegare år har idrettslaget no sendt ut bankgiro utan beløp der dei ber om støtte.

Leiar i Sunnylven IL, Jens Vik skriv:
-Køyring av skiløyper vert gjort på frivillig basis. Driftinga av trakkemaskin og scooter kostar laget over 100.000,- kroner i året.
For best mogleg drift og vedlikehald av løypene i framtida, er vi avhengig av frivillige bidrag.
Utan økonomisk tilskot hadde det ikkje vore mogleg å oppretthalde dette flotte tilbudet til lokalbefolkning, hyttefolk og andre tilreisande.
Vi er takksame for små eller større beløp.
Den som vil støtte oss betaler inn til konto i Sparebanken Møre.
Men husk: Det er valfritt om ein vil betale, ingen tvang.
På førehand – hjarteleg takk.
Sunnylven IL!-

Dyktige sjåførar og godt utstyr gjev gode skispor i Sunnylven IL
Dyktige sjåførar og godt utstyr gjev gode skispor i Sunnylven IL

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380