Lokalnytt

Stormskada småbåthamn utbetra

Eit "gjerde" av store steinar på moloen mot fjorden skal dempe bøga ved neste stormflo.
Eit «gjerde» av store steinar på moloen mot fjorden skal dempe bøga ved neste stormflo.

Også småbåthamna på Hellesylt fekk merker etter uveret i jula i fjor. Flytebrygger vart skada og det same vart moloen ut mot fjorden. No har Hellesylt småbåtlag fått utbetra skaden.

Under stormen i romjula gjekk sjøen høgt på Hellesylt. Bølgene slo også over moloen i småbåthamna, noko som førte til at deler av fyllinga rausa vekk

No har småbåtlaget teke kostnaden med skaden og fått den reparert. Det har blitt køyrd på ny masse og i tillegg er det sett opp ein kant av store steinar ut mot fjorden som skal fungere som bølgebrytarar når neste uver kjem.

Det er Sunnmørsalpane i miniatyr som står her på rekke og rad, skjemtar Alf Muldsvor, maskinentreprenør som har gjort jobben med å utbetre skadane. Dei store steinane er frå tunneldrivinga på Ljøvegen.

Fyllinga mot badestranda er også blitt steinsett, og i tillegg er alt grusa opp. Eit utbetring –og vedlikehald som har gjeve småbåthamna på Hellesylt ei flott standardheving.
Laurdag 12. mai er det annonsert dugnad i småbåthamna på Hellesylt der mellom 70 og 80 har båtplass.

Alf Muldsvor var ferdig med utbetringa sist fredag.
Alf Muldsvor var ferdig med utbetringa sist fredag.
Også moloen som vender mot badestranda har fått betydeleg standardheving.
Også moloen som vender mot badestranda har fått betydeleg standardheving.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380