Lokalnytt

Blomster prydar Hellesylt

Heile 38 blomsterkrukker stod ferdig planta og vart køyrde på plass i Hellesylt sentrum tysdag kveld.
Heile 38 blomsterkrukker stod ferdig planta og vart køyrde på plass i Hellesylt sentrum tysdag kveld.

Hellesylt er blitt pynta med blomster til 17. mai og resten av sommaren. Tysdag denne veka vart 38 store blomsterkrukker henta fram frå vinterlager og fylte med jord og friske blomster.

For tre år sidan vart eit stort antall blomsterkrukker kjøpte inn av Hellesylt Næringslag, private, bedrifter og Stranda kommune.
På tysdag, to dagar før 17. mai var det plantedag denne våren. Då kom kommunegartnar Havtor Tryggestad til Hellesylt med blomster, og der fekk han hjelp av ni damer med ”grøne” fingrar.
Å få hjelp med plantinga har blitt tradisjon noko kommunegartnaren synest er flott. Etterpå var det servering til alle, spandert av Hellesylt Næringslag, fortel Havtor Tryggestad.

Blomsterkrukkene som prydar i Hellesylt sentrum har fått mange positive kommentar.
Om kvelden same dag som plantinga vart dei køyrde på plass av folk frå Næringslaget. Nokre vart også plassert på Hellesylt kai i høve opninga 17. mai.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380