Cruiseturistar inntok Hellesylt
Tre dagar etter første besøk var cruiseskipet Empress tilbake ved kai på Hellesylt. Fleire hundre, kanskje nær eit par tusen passasjerar gjekk i land og tok turiststaden nærare i augesyn.
Det store fotomotivet var nok Hellesyltfossen. Mange gjekk også opp Kloppene til Høgebru for å sjå staden og cruisebåten i fugleperspektiv. Der i frå gjekk turen tilbake forbi Sunnylven kyrkje.
Fjordbua, den nye souvenirbutikken på Hellesylt var stappa full av turistar, og også andre som hadde opne dører fekk mykje besøk.
Her er bilete som viser folkelivet på Hellesylt søndag.