Damelaget vann mot serieleiaren
Sunnylven/Stranda vann 4-2 over serieleiar Spjelkavik på bortebane onsdag. Kirsti Frøysadal Hauge skåra tre av måla.
Møtet mot Spjelkavik vart eit fysisk tøft oppgjør. Fleire av spelarane på Sunnylven/Stranda fekk kjenning med gamle skadar etter kvart, men spelarstallen til laget er både stor og god. Trenar Hans Hole nytta fleire innbyttarar i løpet av kampen.
Sunnylven/Stranda spela ein god fyrste omgang. Etter 25 minutt stod det 1-0 til dei blå og raude, seinare kom to mål til, alle ved Kirsti Frøysadal Hauge.
Spjelkavik reduserte til 1-3, men like etter fekk gjestelaget straffespark etter at Kirsti vart takla ulovleg. Marthe Slettebak var sikker frå 11-meteren.
Stillinga var 4-1 til Sunnylven/Stranda ved pause.
I andre omgang reduserte Spjelkavik tidleg til 2-4, noko som skapte litt ekstra spaning i kampen igjen. Skåringa vart den siste og Sunnylven/Stranda kunne registrere ein ny siger og tre nye poeng. Laget ligg no på andre plass på tabellen, ett poeng etter Herd.
Andre resultat frå 3. div. Onsdag 16. mai:
Herd – Volda TI 2. 10-1
Bergsøy – Ørsta 7-0
Brattvåg – Langevåg 3-1
Damer 3. div.
Spjelkavik – Sunnylven/Stranda 2-4 (1-4)
Mål Sunnylven/Stranda: Kirsti Frøysadal Hauge (3) Marthe Slettebak (1)
Sunnylven/Stranda:
Christina Holmberg, Linda Vågsæter, Sandra Kammen, Anne Lise Lødøen Helset, Eline Langlo, Marthe Slettebak, Ellen Marie Hole, Jannicke Gjerde, Kirsti Frøysadal Hauge, Stine Fivelstad, Linn Kammen.
Nytta innbyttarar:
Gro Mari Langleite, Inga Elise Nybø Vik, Tina Elisabeth Jøsok, Randi Grønningseter, Silje Krohn.