Hellesylt stadion blir rydda
Etter at formannskapet i Stranda nytta hasteparagrafen og bevilga 300.000 til opprydding av Hellesylt stadion, vart arbeidet sett i gong. I løpet av to lange dagar er øydeleggingan etter juleorkanen fjerna.
Medlemer av Sunnylven IL har bestemt seg. Hellesylt stadion skal setjast i stand igjen. I alle høve skal det ikkje stå på oppryddinga. Fleire dugnadsgjengar har mønstra på, teke seg fri frå jobb og sett att vårarbeid heime for å få unna oppryddinga.
Med lange stropper og ei stor gravemaskin labbande på skytematter og med to kg. trykk i varmerøyra, vart stykke for stykke av kunstgrasdekket drege saman og løfta til vers. Slik vart også gummigranulatet rista ut. Granulatet blei samla opp og lest i sekkar med ein liten minitraktor med frontlastar.
-Laurdag kveld skal jobben vere gjort, seier Asle Fivelstad, dyktig mann bak spakane. -Det har gått etter planen, ein ryddemåte som også representant frå kunstgrasfirma har slutta seg til. Arbeidet går på dugnad så vi spart Stranda kommune for kostnaden med opprydding.
Når bana er reingjort for granulat, små sår er flikka med sand og bana er komprimert på nytt kan kunstgrasdekke leggast på. Det bør kunne ordnast før sommarferien-, meinar Asle Fivelstad.
Leiar i Sunnylven IL, Jens Vik vil kalle inn til styremøte og sjå på neste skritt som må skje snart, seier han. Tema på styremøtet er om det skal kallast inn til ekstra årsmøte i laget for å drøfte om ein skal søkjast om eit byggelån. Då kunstgraset vart lagt i august/september 2010 kosta det 1.8 mill. kroner. I tillegg vart det lagt 96 tonn gummigranulat, men mykje av det blir no teke vare på.
Det ”gamle” graset skal bli til glede for fotballen i Hundeidvik, i ein ballbinge og i ein innehall på 20 gange 50 meter. Ein stor arbeidsgjeng frå Hundeidvik var på stadion fredag for å hente kunstgras.
Om andre vil ha er det berre å ta kontakt med nokon i Sunnylven IL, seier Knut Dag Langeland.