Lokalnytt

Helsa Bolsøy med salutt

Turistferja Bolsøy vart helsa med salutt då ho nærma seg Hellesylt på første tur 1. mai.
Turistferja Bolsøy vart helsa med salutt då ho nærma seg Hellesylt på første tur 1. mai.

Tysdag 1. mai gjorde turistferja Bolsøy sine første turar mellom Geiranger og Hellesylt for sesongen. På Hellesylt vart ferja helsa med salutt.


Turistferja Bolsøy var oppstasa med flagg og vimplar då ho segla inn mot Hellesylt på første tur i nitida 1. mai. Ved Åseneset vart ho helsa med kraftfull salutt, noko som fekk reisande om bord ut på dekk.
Bolsøy helsa tilbake med lange støyt i båtfløyta.
Turistsesongen på fjorden var i gong og det på ein strålande flott vårdag.

Turistferja Bolsøy trafikerer ruta åleine med fire turar dagleg fram til 1. juni. Då kjem endå ei turistferje i rute og då blir det åtte turar fram og tilbake på verdsarvfjorden fram til 31. august.
Siste ferjetur for sesongen mellom Geiranger og Hellesylt er 30. september.

Alf Muldsvor t.v. og Ole Morten Muldsvor ordna med kraftfull velkomstsalutt.
Alf Muldsvor t.v. og Ole Morten Muldsvor ordna med kraftfull velkomstsalutt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380