Lokalnytt

Innsteg i ”Lensmannsgarden”

Synnøve og Hans Hole ved bordet og med gjenstandar som gamlelensmannen åtte.
Synnøve og Hans Hole ved bordet og med gjenstandar som gamlelensmannen åtte.

Det vart folksamt i ”Lensmannsgarden” på Hjellhaugen då Venneforeninga for Hellesylt Bygdetun inviterte til kulturkveld. Over 80 personar fann vegen til gards før Hornindal Spelmannslag drog opp med slåttar til velkomst på tunet.

Synnøve og Hans Hole bestemte seg for å restaurere det gamle våningshuset. I fleire år har dei arbeidd med å gjenskape bygninga utvendig og romma inn slik dei var då lensmann Knut A. K. Hole budde der. No er dei nesten i mål.
Det ligg mykje historikk i veggane i det to etasjer høge tømmerhuset. Under kulturkvelden torsdag vart musikkinnslag og attersyn følgt av innsteg i den gamle stova med omvising, servering og utloddning.

Spele fele
Synnøve og Hans Hole driv garden Lillebø, eller i daglegtale Hjellhaugen med storfe og sau. Då det vart bygd nytt våningshus på garden grubla dei litt å kva det skulle bli med det gamle, skulle dei jamne det med jorda eller restaurere det. -Vi kan no spele fele i det, sa Synnøve litt på skjemt og slik har det blitt, fortalde Hans Hole. No har mellom anna Hornindal Spelemannslag øvingar her.
Hole hadde blada i gamle papir og sett tilbake på både gardssoga og gamle lensmenn i Sunnylven. Ein av dei siste i Sunnylven var oldefar hans med kontor og bustad i huset som dei har restaurert.

Engasjert lensmann
Dei gamle lensmennene hadde mange slag oppgåver, fortalde Hole. Dei skulle passe på og eventuelt arrestere farande fant og drive inn skattar. Dei fleste lensmenn kom i frå bygda, men kunne fort bli avsett om dei ikkje skjøtta jobben godt nok.
Ein vart avsett fordi han brygga, drakk og spanderte sterkt øl, ein vart far til eit lausingsbarn og ein annan vart avsett fordi han var for snill og ikkje dreiv inn skattar som han skulle.

Knut A. K. Hole var son til Amund K. Hole som budde på Frøysa og som var lensmann. Det er sagt om Amund at han var ein skarp, grei og aktiv person. Han var med å skipe sparebanken i Sunnylven, og var aktiv i å få bygd vegar både i Sunnylven og Geiranger. I Berga på Frøysa var det usemje om veglina og arbeidarane som ei tid jobba på kvar sine vegstubb, gjekk å ”knurra” mot kvarandre, vart det fortalt. For ettertida fekk vegstubben namnet ”Knurrebakken”, fortalde Hans Hole.
Amund K. Hole døydde i 1899 og Knut A. K. Hole vart lensmann fram til 1927 då Olav Gausdal overtok.

Tidsrett
Etter kvart drog heile forsamlinga inn for å sjå og bli servert med kaffi og sveler. Dei aller fleste romma har no blitt pussa opp med tidsrette møblar og måla med linoljemåling i fargar frå lensmannstida.
Snart tek vertskapet fatt på kjellaren og på mørkeloftet der mange gamle ting er lagra, fortalde Hans Hole.
Samling i ”Lensmannsgarden” vart nok ein kveld for minneboka for dei frammøtte.

Samling i ”Lensmannsgarden” vart nok ein kveld for minneboka for dei frammøtte.
-
Det var folksamt på tunet under Venneforeninga sin kulturkveld.
Det var folksamt på tunet under Venneforeninga sin kulturkveld.

 

God servering i gamal stove.
God servering i gamal stove.

doc_2844_17

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380