Komikk så tårene trilla
Standup-komikar Roar Brekke fekk fram latterkulene i Sunnylven samfunnshus laurdag kveld. I godt ein time serverte han greinaløyse så tårene trilla.
Roar Brekke har reist rundt som standup-artist i 15 år, og frå Fiskå var turen laurdag komen til Hellesylt. Litt beskjeden presenterte han seg som moromannen frå Odda, men at han ikkje var verdensstjerne enno og la til; -Difor er eg på Hellesylt i kveld-:
Ein kommentar som publikum tok og dermed var kontakten oppretta.
Roar Brekke ville bli kjent med sitt publikum med namn og yrke, og på dei fremste stolradene sat både industriarbeidar, ein bonde og ein truckførar. Ikkje så uvanleg det, men meir spesielt var det at dei fire første damene jobba i barnehagen. Det fekk komikaren til å stille spørsmålet; -Er det mange ungar her i bygda?-.
Roar Brekke er ein heilt vanleg person, 1.78 høg, 75 kilo tung, med svensk mor og er oppvaksen i Odda. Om han ville kunne han valgt andre yrker enn standup. Både selgar og predikant har gått bra, for snakketøyet var upåklageleg og skrønene kom tett.
Stemmeleiet skifta frå det mørke til høgt oppe på tenorskalaen, og rørsle og mimikk endra seg med situasjonen.
Roar Brekke var like morosam å sjå som å høyre og med eit ordforråd som var rikt og spesielt. I seansen der han åt pølser med ketchup som berre var luft, kom klovnen med gummimaskefjeset fram til fulle. Kanskje er ikkje ei verdensstjerne frå Odda så langt unna likevel?
Vitsane ramla ut heile tida, innpakka i daglege opplevingar, truskuldige, men også litt på kanten. Han laga latterkuler av det enkle som rydding i hage og hekk saman med damer, og han fortalde om si gamle mor som køyrde bil til og frå butikken i Odda. Til jul fekk ho seg GPS og like etter måtte dei hente henne heim frå Lillehammer.
Det var ein av dei sjeldan gode gjøglarane som viste seg fram i HUL-teatret si heimestove.
Rundt 60 personar valde opplevinga med standup-jubilant Roar Brekke i staden for fotball og meisterligafinalen på TV mellom Bayern München og Chelsea