Målfest med damelaget
Det var vindstille og flott vårver på Stranda stadion onsdag. Men nota i målet til damene frå Langvåg flagra som i storm heile første omgang. Sunnylven/Stranda banka inn 11 skåringar i første halvdel og vann til slutt 14 – 1.
I 3. divisjon damer viser topplaga seg fram. Sunnylven/Stranda er eitt av dei og onsdag måtte Langevåg reise heim med 14-1 frå Stranda stadion. Herd tukta Ørsta 11-0.
Sunnylven/Stranda baud på fest mot gjestane frå Sulalandet. Dei fekk aldri vist sitt beste, til det var motstandaren for god. Spesielt første omgang var svært bra seier trenar Hans Hole. I andre omgang roa det seg meir, motivasjonen dett fleire hakk etter å leie 11-1 ved pause, og i tillegg måtte Stine Fivelstad ut med skade etter første omgang. Kampen sett under eitt var eit fyrverkeri av ein damekamp, seier trenaren som gjorde fleire spelarbyte utover i kampen.
Kirsti Frøysadal Hauge skåra sju mål, og laget fekk to straffespark som Marte Slettebak sette kontant i mål.
Langevåg fekk sitt trøstemål etter frispark og retur etter 23. minutt.
Domar var Kristian Melseth, FK Sykkylven.
Sunnylven/Stranda stilte dette laget:
Lillian Aasheim, Marte Slettebak, Linda Vågsæter, Ellen Marie Hole, Linn Kammen, Inga Nybø Vik, Sandra Kammen, Eline Langlo, Lena Gjerde, Kirsti Frøysadal Hauge, Stine Fivelstad.
Innbyttarar:
Christina Holmberg, Gro Mari Kjellstadli Langleite, Tina Jøsok, Silje Kron, Anne Grete Kjellstadli Langleite.
Mål Sunnylven /Stranda:
Kirsti Frøysadal Hauge (3. 17. 20. 30. 41. 42. 87.)
Marte Slettebak (15. straffe, 44. straffe.)
Sandra Kammen (13. 19. 61.)
Stine Fivelstad (38.)
Tina Jøsok (62.)