Lokalnytt

Ny butikksjef ved Coop Marked, Hellesylt.

Oddrun Lødøen Helset er tilsett som butikksjef ved Coop Marked, Hellesylt. Ho tek over etter Oddbjørn Tryggestad 1. juni.
Oddrun Lødøen Helset er tilsett som butikksjef ved Coop Marked, Hellesylt. Ho tek over etter Oddbjørn Tryggestad 1. juni.

Oddrun Bente Lødøen Helset er tilsett som butikksjef ved Coop Marked, Hellesylt frå 1. juni. Ho tek over etter Oddbjørn Tryggestad som har vore tilsett ved butikken i 44 år, dei siste som butikksjef.

Oddrun Lødøen Helset er oppvaksen i nabobygda Hornindal, men har jobba ved Sunnylven samyrkelag og seinare Coop Marked i 33 år.
Då jobben som butikksjef vart ledig slengde eg inn ein søknad og fekk stillinga. Etter litt betenkningstid sa eg ja, fortel Oddrun.
Ho har hatt ein triveleg jobb der ho dagleg har fått treffe mange, både sambygdingar og reisande. No går ho frå 50 prosent stilling til full jobb og med litt meir ansvar. Men etter alle åra i ”huset” kjenner ho rutinene som ein må følgje, så ho trur det går bra.

Det ho grublar mest på no er kven av dei fire damene av betjeninga som skal skaffe seg trøkksertifikat når Oddbjørn sluttar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380