Lokalnytt

Samrøystes generalforsamling

Styret i Peer Gynt Galleriet AS, frå venstre Lisbeth Lervik, Ole Arnstein Ringdal, styreleiar Øystein Ljøen, Per Kjetil Parr, Per Magne Mork. Marit Sæten Opsvik var ikkje til stades.
Styret i Peer Gynt Galleriet AS, frå venstre Lisbeth Lervik, Ole Arnstein Ringdal, styreleiar Øystein Ljøen, Per Kjetil Parr, Per Magne Mork. Marit Sæten Opsvik var ikkje til stades.

Under generalforsamling i ”nye” Peer Gynt Galleriet AS vart Øystein Ljøen valt til styreleiar. Også styremedlemer, nye vedtekter for kunst og kultursenteret, valnemnd og revisor kom på plass.

Det var godt frammøte på generalforsamlinga i Peer Gynt Galleriet AS 1. mai. Av til saman 2833 aksjar var 2010 representert på møtet.

Fram til generalforsamlinga tysdag 1. mai har eit midlertidig styre med Øystein Ljøen, Ole Arnstein Ringdal, Ingunn Parr og Egil Røyrhus jobba fram løysinga for at kunsten etter Oddvin Parr blir i eige kunstgalleri på Hellesylt.

Alle val samrøystes
Ved opning av generalforsamlinga orienterte Øystein Ljøen kort om arbeidet.
Han viste til eit stort og imponerande engasjement der 219 små og store aksjonærar har slutta opp om aksjonen og betalt inn ein aksjekapital på 2.833.000,- kroner. Det gjorde det muleg å oppta lån på resten og realisere kjøpet frå 62° Nord på 6.5 mill. kroner..
Etter kjøp av bygning med kunst, inventar, tomt og dekning av andre krav har selskapet i dag ein gjeld på 4.7 mill. kroner.

Under vala vart Øystein Ljøen vald til styreleiar i selskapet. Han får desse med seg som styremedlemer: Ole Arnstein Ringdal, Per Kjetil Parr, Per Magne Mork, Marit Sæten Opsvik, Lisbeth Lervik.
Valnemnd: John Langeland, ett år, Knut O. K. Hole to år, Ruth Hole Aaland, tre år.
Revisor: Statsautorisert revisor Jens Arne Hagen, Stranda.
Alle val var samrøystes.

Arbeidsgruppe og fleirbrukshus
Det midlertidige styret kom med framlegg om å opprette ei arbeidsgruppe som får som mandat å jobbe med kunst og kulturtiltak i Peer Gynt Galleriet AS, noko generalforsamlinga slutta seg til.
Gruppa er underlagt hovedstyre og består av Ingunn Parr, leiar, Kari Hauso Stadheim, Anne Britt Sårheim, Egil Røyrhus, Asle Fivelstad.

Under møtet orienterte næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal om reglar for å søkje tilskot
som fleirbrukshus. Det kan søkjast om middlar til utbygging, men ikkje til drift og vedlikehald. Mest aktuelt var til dømes ein søknad for tak over atriumet, sa Bjørdal. Nedre grense for søknader er 500.000,- kroner og søknadsfrist 1. mars kvart år.

Imponert over oppslutnaden
Før servering av spekemattallerken og Sunnmørsk kakebord, tok Per Kjetil Parr ordet. Han takka alle for eit imponerande engasjement. Det hadde vore ei stor glede både for han og familien å oppleve aksjonen for å bevare Peer Gynt Galleriet på Hellesylt.
Spesielt hadde han lagt merke til innsatsen som Øystein Ljøen hadde lagt ned og som han takka spesielt for før han overrakte blomar til den nyvalde styreleiaren.

Per Kjetil Parr til høgre overrekte blomar til Øystein Ljøen for innsatsen med å "berge" Peer Gynt Galleriet på Hellesylt.
Per Kjetil Parr til høgre overrekte blomar til Øystein Ljøen for innsatsen med å «berge» Peer Gynt Galleriet på Hellesylt.
Frå generalforsamlinga.
Frå generalforsamlinga.
Frå generalforsamlinga.
Frå generalforsamlinga.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380