Lokalsport

Sterk heimesiger av Sunnylven/Stranda

-

Sunnylven/Stranda damelag vann 3-1 over Brattvåg etter ein god kamp på Stranda stadion onsdag. Spesielt andre omgang var det høg 3. div. klasse over.


Brattvåg kom til Stranda stadion etter uavgjort 0-0 mot Herd, laget som slo Sunnylven/Stranda i åpningskampen 4-2.
Brattvåg skulle få det tyngre på Stranda stadion onsdag kveld. Heimelaget tok komandoen frå start av, anført av eit sikkert forsvar og kaptein Ellen Marie Hole, og med gode direkte oppspel til raske angriparar.
Gjestane i gult forsvara seg godt og var på enkelte visittar hos Sunnylven/Stranda sin keeper utan at det vart målsjansar av det.
Etter 25 minutt fekk heimelaget hjørnespark, eit presist innlegg som Jannicke Gjerde flikka vidare og i mål. Dermed 1-0 til vertane som også var stillinga ved pause.

Om første omgang var god vart andre halvdel enno betre. Heimelaget køyrde opp angrep på angrep, det var litt uflaks og ei heldig Anna Hjelseth i Brattvåg-buret som gjorde at 1-0 stod seg til 64. minutt ut i kampen. Då dundra Eline Langlo til på direkten og dobla leiinga.

Kirsti Frøysadal Hauge lagar nettsus for laget i dei fleste kampar. Mot Brattvåg hadde ho sjansen fleire gonger og i det 72. minutt kom målet og 3-0, eit hjørnespark som Kirsti stanga i mål.

Brattvåg gav ikkje opp og på eit lagskot viste heimelaget sin målvakt Lillian Aasheim klasse så ho ”feia” skotet over mål til corner.
Ti minutt før slutt fekk Brattvåg frispark etter hands like utanfor sekstenmeteren. Skotet gjekk først i tverrliggaren og deretter i kassa etter mølje framfor mål.
Kampen slutta med heimesiger 3-1. Ein fortent trepoengs kamp av Sunnylven/Stranda som heva seg mange hakk etter opningskapen mot Herd på same bane.

Kvinner 3. div.
Sunnylven/Stranda 3 – 1 (1-0)
Mål Sunnylven/Stranda:
Jannicke Gjerde 25, Eline Langlo 64, Kirsti Frøysadal Hauge 72.

Sunnylven/Stranda:
Lillian Aasheim, Linda Vågsæter, Sandra Kammen, Lena Gjærde, Eline Langlo, Marthe Slettebak, Ellen Marie Hole, Jannicke Gjerde, Kirsti Frøysadal Hauge, Stine Fivelstad, Linn Kammen.
Nytta innbyttarar:
Gro Mari Langleite, Inga Elise Nybø Vik, Tina Elisabeth Jøsok

Domar: Mikal Skodjereite, Skodje IL

Målskårarar for Sunnylven/Stranda var frå høgre, Jannicke Gjerde, Eline Langlo og Kirsti Frøysadal Hauge.
Målskårarar for Sunnylven/Stranda var frå høgre, Jannicke Gjerde, Eline Langlo og Kirsti Frøysadal Hauge.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380