Lokalsport

Storspel av Sunnylven

Det vart kalassiger for Sunnylven då dei nedkjempa Haddal 7-1 på bortebane tysdag. Kampen var årsbeste av Sunnylven, meinte trenar Jens A. Forbord.

Sunnylven gjekk knallhardt ut i bortemøtet mot Haddal. Før kvarteret var passert leia laget 3-0. Til pause var stillinga 5-1 etter at Haddal hadde fått sitt trøstemål sekund før kvilen.
I andre halvdel heldt gjestelaget i raudt og blått fram med å trykke på og Haddal sin gode burvaktar måtte kapitulere to gonger til. Sunnylven produserte masse målsjansar også denne omgangen, men det stoppa med 7-1 siger.

Sunnylven vart tildelt to straffespark. Det første dundra Bård Forbord i mål. Etter statestikken var det Forbord sitt 21 mål på 21 straffespark. Ein rekord som få kan vise til.
Sunnylven sitt andre frå 11-meteren banka Ole Arnstein Ringdal sikkert i nota.
Andre målskorarar var: Henning Frøysa 3, Helge Tryggestad 2.

Sunnylven har no andre plass på tabellen med 13 poeng, tre poeng bak Åmdal.
Andre resultat: Sæbø – Larsnes/Gursken 2. 1-1
Åmdal – Hareid 2. 8-0

Herrer 6. div. avdeling 1.
Haddal – Sunnylven 1 – 7 (1-5)

Sunnylven sitt lag:
Eirik Stenberg, Jørgen Helset, Leif Rune Tryggestad, Asbjørn Kvam Karbø, Robert Tryggestad, Eivind Louis Helset, Bård Forbord, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Henning Frøysa, Helge Tryggestad, Ole Arnstein Ringdal.
Innbyttar:
Trygve Aaland Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380