Lokalnytt

Verdig gebursdagsfeiring for 100-åring

Tidlegare leiarar i sanitetslaget som vart heidra. Frå venstre Lovise Hanssen, Hildur Vollset, Anne Gausdal, Anna Jorunn Ljøen, Anne Nybø.
Tidlegare leiarar i sanitetslaget som vart heidra. Frå venstre Lovise Hanssen, Hildur Vollset, Anne Gausdal, Anna Jorunn Ljøen, Anne Nybø.

Superlativa kom tett då Sunnylven sanitetslag feira jubileum fredag 4. mai, på dagen 100 år etter den offisielle skipingsdatoen. Den gilde festen fann stad i Peer Gynt Galleriet på Hellesylt.

Sunnylven skulekorps var ute og øvde til 17. mai. Ved Peer Gynt Galleriet runda korpset inn og bles opp med Sunnylvsmarsjen av Helge Fivelstad for 117 frammøtte. Dermed var stemninga kveikt for jubileet til Sunnylven sanitetslag som hadde inviterte gjester frå fylkeslag, kommuneleiing, lokale lag og bygdefolk.
Festleiar gjennom fire kveldstimar som gjekk fort, var Ann Kristin Langeland.

I Peer Gynt Galleriet fann Langeland inspirasjon til å binde programinnslaga saman med sitat frå diktarhøvdingen Henrik Ibsen.
Denne kvelden var det ein foreningshøvding som vart feira med kulturelle innslag av høg standard, kåseri og helsingar med gåver, blomar og gode ord.
Sjølv om blomsterfloraen og superlativa var mange, var det ikkje ein avskilsfest for ein aldrande jubilant. Tvert i mot det var ein hyldest til eit ankerfeste mellom mange i Sunnylven som gjer ein stor innsats.
-Det ligg vekst i store minner-, var mellom sitata Ann Kristin Langeland brukte.

Kari Hauso Stadheim frå styre i Sunnylven sanitetslag innleia med å fortelje frå historia til jubilanten, ei helsing ho avslutta med at; -I kveld skal vi feire oss sjølve i lag med dokke og det gler vi oss til-.

-Velkomne til gards, i dag er det kvardagsheltane sin dag og som vi skal feire. Programmet er variert og blir avslutta med minibasar-, sa festleiar Langeland. Ho lova minnerik underhaldning frå mange og heldt ord.
Inghild Storstein las A. P. Ringdal sitt dikt ”Kilda”, skrive til Sunnylven sanitetslag i 1976.
Kristin Storstein song ”Vår beste dag” av Erik Bye, akkopagnert av Gunnar Inge Eide. Seinare framførte dei to like vakkert ”Hymne” av Jakob Sande.
Ass. rådmann Kjartan Lied er kjent som ein god operasongar. Fredag imponerte han med å framføre italiensk arie til pianotonar frå Gunnar Inge Eide.
Traktere pianoet kunne også to jenter frå musikkskulen, Maria Langeland og Ingrid Julie Hole som begeistra med eit to-hendig pianostykke av Wolfgang A. Mozart.

I Peer Gynt Galleriet hadde sanitetslaget stelt i stand ei utstilling med ting som hadde blitt brukt i laget opp gjenom åra. Der var også bilder av tidlegare tilsette innan helseomsorga i Sunnylven. Til slutt var det trekning av jubileumslotteriet, og allsong av salmen ”Kjærlighet fra Gud”.

Kristin Storstein og Gunnar Inge Eide framførte songar av Erik Bye og Jakob Sande.
Kristin Storstein og Gunnar Inge Eide framførte songar av Erik Bye og Jakob Sande.
Sunnylven skulekorps spela Sunnylvsmarsjen og kveikte den gode stemninga.
Sunnylven skulekorps spela Sunnylvsmarsjen og kveikte den gode stemninga.
Ass. rådmann Kjartan Lied song italiensk arie.
Ass. rådmann Kjartan Lied song italiensk arie.
Maria Langeland og Ingrid Julie Hole i to-hendig pianospel.
Maria Langeland og Ingrid Julie Hole i to-hendig pianospel.
Ann Kristin Langeland, dyktig festleiar som fann overgangar med sitat av Henrik Ibsen.
Ann Kristin Langeland, dyktig festleiar som fann overgangar med sitat av Henrik Ibsen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380