Lokalnytt

”Den levande skogen”

Fredag er det premiere på "Den levande skogen" (Foto: Arne Inge Tryggestad)
Fredag er det premiere på «Den levande skogen» (Foto: Arne Inge Tryggestad)

Barnelaget i Hellesylt Ungdomslag har øvd lenge. Fredag 22. juni presenterer dei syngespelet ”Den levande skogen” frå scena på Sunnylven samfunnshus.

I alt 26 elevar frå 1. til 7. klasse ved Sunnylven skule har saman med dyktige instruktørar øvd inn historia som handlar om ein skog med mange tre, to harepusar, ein familie og ein trehoggar. Også ei gamal bestemor er med i forteljinga som har mykje gla`song i seg og startar kl. 19.30.

Etter teaterframsyninga blir det servert kaffi og kaker.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380