Lokalnytt

Korpsstemne på Nordfjordeid

Sunnylven skulekorps og Stranda skulekorps. (Alle foto: Astrid Ringdal)
Sunnylven skulekorps og Stranda skulekorps. (Alle foto: Astrid Ringdal)

 

Sist laurdag og søndag var det korpsstemne på Nordfjordeid der heile 24 korps og om lag 800 musikarar deltok. Mellom dei var Sunnylven skulekorps.

Fredrik Stadheim – 19.06.2012 08:13:42
Sunnylven skulekorps og Stranda skulekorps slo seg saman og deltok på korpsstemne på Nordfjordeid med 30 musikantar, fortel styreleiar i Sunnylven skulekorps, Gunhild Kvam som var ein av fleire leiarar.
Laurdag var det oppmarsj og fellesnummer i Eidagata. Ut over dagen vart det halde konsertar på ulike plassar, og det var fellesnummer.

Også søndag var det mykje korpsmusikk å høyre i gatene på Eid, og i tillegg kunne musikarane delta på seminar saman med medlemar frå andre korps. Under avslutningskonserten vart resultat av ”toneutvekslinga” presentert.

Korpsstemne på Nordfjordeid vart ei fin årsavslutning for dei to skulekorpsa.

-

 

Håkon Elias Kjellstad og ei pyramide av drikkebeger.
Håkon Elias Kjellstad og ei pyramide av drikkebeger.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380