Lokalnytt

Nytt kunstgras er tinga.

Slik blir Hellesylt stadion før haustsesongen startar.
Slik blir Hellesylt stadion før haustsesongen startar.

Sunnylven IL har i dag bestilt nytt kunstgrasdekke til fotballbana på Hellesylt, identisk med tilbode Stranda kommune har motteke frå leverandør. Det er gjort avtale om at Sunnylven IL betaler kostnaden inn til vidare.

Dette er gjort kjent frå leiinga i Sunnylven IL, ei mykje etterlengta avgjerd for fotballmiljøet i Sunnylven.
På siste kommunestyremøte vart det vedteke at når kommunen får skjønsmidlar slik ein forventar, skal desse vere med og dekke kostnaden med å reparere skadane på Hellesylt stadion.

Ivar Kaspersen i Bresco AS, Molde bekreftar at bestilling kom inn i dag onsdag 27. juni og at nytt kunstgras er tinga frå leverandøren. I løpet av tre veker vil det vere på Hellesylt og då blir arbeidet med å få det på plass sett i verk umiddelbart. Bana skal vere klar til haustsesongen startar i august, lovar Ivar Kaspersen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380