Lokalnytt

Spanderte grillfest på skulen

Dei første pølsene frå grillsjef Ole Arnstein Ringdal er ferdig til servering

Dei første pølsene frå grillsjef Ole Arnstein Ringdal er ferdig til servering

Å ha ein av Norges beste produsentar på grillmat som nabo kan gje både overraskingar og glede. Det fekk elevar og lærarar ved Sunnylven skule oppleve tysdag.

Ved Sunnylven skule var det aktivitetsdag med rebusløp og volleyball tysdag.
Denne dagen brukar elevar og lærarar å grille i matpausen og slik var opplegget også i år.
Med Ole Ringdal AS som nærmaste nabo ringde vi dit for å tinge grillpølser, fortel rektor Roar Seljeset.

Grillopplegget fekk dagleg leiar ved kjøttvareprodusenten Ole Arnstein Ringdal høyre om og reagerte raskt. Han hadde då barnas grillfavoritt, grillpølsa som gjekk heilt til topps under NM i kjøttvarer i vår. Den skulle skulen få servert gratis.
Bedrifta skulle grille og spander grillpølse til alle og så mykje dei berre orka under måltidet på aktivitetsdagen.

Ole Arnstein Ringdal stilte sjølv i kokkeantrekk med kjøttvarebedrifta sin store grill og dermed var pølsefesten i gong.
Og Norges beste grillpølse gjekk unna. Rundt hundre små og store fekk seg servert nær 240 pølser med pølsebrød.
Det vart ein strålande festdag på uteområdet som vart krona med ein lovnad frå vertskapet. Til neste år er han tilbake og spanderer ny pølsefest.

-

 

Ole Arnstein Ringdal hadde med beviset på at det var eit "gullmåltid" han serverte.
Ole Arnstein Ringdal hadde med beviset på at det var eit «gullmåltid» han serverte.
Eit herleg måltid tykte desse fem gutane.
Eit herleg måltid tykte desse fem gutane.
Også rektor Roar Seljeset måtte trå til for å få grilla fort nok pølser.
Også rektor Roar Seljeset måtte trå til for å få grilla fort nok pølser.
-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380