Lokalnytt

Vedtok nytt kunstgras

Medlemer av Sunnylven IL og bygdefolk rydda stormskadane på Hellesylt stadion på dugnad for snart ein månad sidan.
Medlemer av Sunnylven IL og bygdefolk rydda stormskadane på Hellesylt stadion på dugnad for snart ein månad sidan.

Kommunestyret i Stranda vedtok på siste møte å tinge nytt kunstgras til Hellesylt stadion. Eigaren håpar at bana kan vere klar for fotball når haustsesongen startar.

Under eit langt møte i Stranda kommunestyre med mange saker, var kunstgras Hellesylt stadion oppe som ekstrasak. Fleire hadde synspunkt i saka på slutten av det åtte timar lange kommunestyremøtet.
Alle som tok ordet var samde om målet, men alle såg ikkje midlane til å finansiere kostnaden på vel 1.6 mill. kroner.

Ordførar Jan Ove Tryggestad var klar på at kommunen ville få statlege skjønsmidlar til utbetringa. Han sa at bana er kommunal og arbeidet måtte gjerast av kommunen, for idrettslaget kunne ikkje motta slike middlar.
Tolmodet mellom mange i Sunnylven idrettslag var snart slutt, det var viktig at kommunen rydda i eige hus, sa Tryggestad og minte om at kommunen hadde innvilga rundt 3.0 mill. kroner i spelemiddlar på kunstgrasbana på Hellesylt stadion som ikkje var utbetalt.

Mot fem stemmer vedtok Stranda kommunestyre å tinge nytt kunstgras og legging snarast råd. Vedtaket kan bli stoppa av fylkesmannen, men på henvendelsar dit frå kommunen var ikkje noko melding motteke seint torsdag 21. juni.

Kunstgraset på Hellesylt stadion skal no forankrast betre ut mot sargen på sidene, og bana blir forsikra, sa ordføraren.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380