LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2012

Nytt frå Eldar Parr

Eldar Parr.
Eldar Parr.

Kunstnaren Eldar Parr kjem til Sommardagar på Hellesylt med stor salsutstilling og fire grafiske blad som ikkje er vist før.

Kunstnar Eldar Parr er tilbake med salsutstilling under Sommardagane. Han fortel at i år bestemte han seg for å lage ti heilt nye grafiske blad. Fire er ferdige og ute i galleri rundt om i landet alt. No er dei fire neste laga og blir å sjå under Sommardagar på Hellesylt.

Det blir ei førlandsering på Hellesylt, seier Eldar Parr som vil ha utstillinga på Sunnylven samfunnshus.
Til Hellesylt har han også med eit nytt oljemåleri. Det blir utstilt i Peer Gynt Galleriet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380