LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2012

Salsutstilling med Ringdal og Schermann

Kunstutdanna Synnøve Ringdal frå Hellesylt og Cathrine Schermann, Oslo stiller ut vesker og smykker i Peer Gynt Galleriet frå fredag 6. juli.
Dei to klassevenninnene frå kunsthøgskulen i Oslo kom i lag på kafe i Oslo til ein prat og eit glas vin, fortel Synnøve Ringdal. Då dukka ideen opp om å designe og utvikle ein heilt ny, spesiell veskekolleksjon, laga av Italiensk kuskinn.
Etter støtte frå Innovasjon Norge gjennom eit utviklingsstipend kom dei i gong med produksjon som i dag foregår i Budapest, i eit lite søtt ”pepperkakehus” i hovedstaden i Ungarn, fortel Synnøve.

-Etter at vi har lagt ut bilder på facebook har tilbakemeldingar kome og dei har vore positive.
I Peer Gynt Galleriet på Hellesylt blir produkta presentert for aller første gong for eit større publikum.
Vi er spent på mottakinga, eg merkar at det er forventningar til utstillinga, seier 28 år gamle Synnøve Ringdal som stadfestar at også Chatrine Schermann kjem frå Oslo for å vere til stades under presentasjonen av utstillinga som også er fotoutstilling.

Fredag 6. juli opnar dei salsutstilling i Peer Gynt Galleriet. Her viser dei fram vesker og smykker, og i tillegg bilde av fotograf Veslemøy Vråskar.

Sjå plakaten her for meir informasjon.

807D1304E4DE4591A6C319DA55F3D74E

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380