Lokalnytt

Skaut til meistertittel på Kleive

Midt-Norske meistrar, frå venstre Trygve Aaland Tryggestad, Sunnylven skyttarlag i junior, og Sivert Sve, Stranda skyttarlag i rekrutt. (Foto: Privat)
Midt-Norske meistrar, frå venstre Trygve Aaland Tryggestad, Sunnylven skyttarlag i junior, og Sivert Sve, Stranda skyttarlag i rekrutt. (Foto: Privat)

Trygve Aaland Tryggestad frå Sunnylven skyttarlag vart Midtnorsk meister, felt under årets konkurransar med Kleive Skyttarlag som arrangør. Ein fabelaktig flott prestasjon av 17-åringen frå Hellesylt som på vinterstid knivar mellom dei fremste i skiskyting.

Det vart ei fantastisk skytehelg for skyttarane frå Sunnylven Skytterlag og Stranda Skytterlag i årets Midt Norske Meisterskap i bane og feltskyting som vart arrangert av Kleive Skytterlag (Felt) og Malmefjorden Skytterlag (Bane)

Resultater mesterskap bane
Klasse 3-5 nr 3 og bronsemedalje Ivar Fivelstad, Sunnylven 340 p
Rekrutt bane: Nr 1 og MIDT NORSK MESTER Sivert Sve, Stranda 347p.
Eldre rekrutt . Nr 9 , Edvard Sve,Stranda 348p
Junior bane Nr. 4 Ola Vangen, Stranda 348p

Mesterskap Feltskyting
Kl 3-5 Nr 7 Ivar Fivelstad, Sunnylven 40/21
Kl Junior Nr 1 og MIDT NORSK MESTER Trygve Aaland Tryggestad Sunnylven 42/34
Nr.19 Ola Vangen, Stranda 40/23
Eldre Rekrutt Nr 8 Hanne Vangen,Stranda 41/29 Nr 14 Edvard Sve, Stranda 40/22
Rekrutt Nr 4 Marie Vangen, Stranda 41/23

Stang kl 5 Nr 8 Ivar Fivelstad,Sunnylven 19 treff
Junior Nr 3 Trygve Aaland Tryggestad Sunnylven 16 treff

Felthurtigskyting
Kl 5. Nr. 2 Ivar Fivelstad 8.79 sek

I tillegg til dei inviduelle resultata vart Hanne Vangen,Stranda og Trygve Aaland Tryggestad, Sunnylven og Midt Norske Meister i samlagskyting på bane for ungdom saman med Trine Ramsvik Stette, Engesetdal og Skodje og Kristine Tennfjord, Engesetdal og Skodje med 397 p. I følge programmet med resultat tilbake til 1993 var det fyrste gong at Sunnmør Skyttersamlag vann denne. Flott prestasjon.

Vår heimelsmann under ei utruleg flott helg for skarpskyttarane var Rune Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380